Skjemahjelp

Elektroniske skjema

Du treng ikkje logge inn for å nytte elektroniske søknadsskjema. Det vil likevel vere ein fordel å logge inn. Om du loggar inn vil du kunne mellomlagre eit skjema eller få tilgang til oversikt over tidlegare innsende skjema. Neste gong du brukar elektronisk skjema vil nokre brukaropplysningar du har registrert kome opp automatisk. 

Elektroniske skjema er utforma slik at du vert rettleia gjennom  søknadsprosessen. Klikk spørjeteikn for å få meir informasjon om enkeltpunkt. 

Når du sender skjemaet inn til kommunen er dette kryptert, det vil seie at det er ein sikker måte å sende elektronisk informasjon. Personopplysningar vert handsama konfidensielt. 

Papirskjema
Papirskjema finst i pdf-format. For å nytte skjema i pdf-format treng du  Acrobat Reader, som du kan laste ned gratis frå adobe.no.

Papirskjema kan fyllast ut på skjerm før du skriv det ut eller du kan skrive ut eit eksemplar og fylle det ut manuelt. Ta eventuelle nødvendige kopiar, signer og send til mottakar. 

Om ikkje anna er opplyst skal søknad sendast til

Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Hjelp til utfylling av skjema?
Servicetorget kan hjelpe deg om du opplever problem med å fylle ut skjema. Kontakt oss via e-post: servicetorget@oygarden.kommune.no eller pr tlf. 56 38 20 00.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.12.2015
Fann du det du leita etter?