Personvernerklæring elektroniske skjema

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema.

Definisjonar

  • Personopplysning: opplysningar og vurderingar som kan knyttast til enkeltperson 

  • Behandlingsansvarleg: den som bestemmer førermålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Øygarden kommune) 
     
  • Databehandlar: den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege (ACOS AS) 

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som databehandler av personopplysningar. 

ACOS AS ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgt og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker behandling av dataene vil til ei kvar  tid dokumenterast etter gjeldande lovverk.

ACOS AS er berre databehandlar av personopplysningene, medan det er mottakande instans (Øygarden kommune) som er eigar av dataene og behandlingsansvarleg. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.


Føremålet  med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn vert sendt til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre sin saksbehandling av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema. 


Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer bestemmelsene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.


Personopplysningar

Viss du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringen, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane. 


Lagring av opplysningar

Viss du logger deg på med e-post kan du når som helst velge å avbryte utfyllingen av skjermdialogen og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare. 

Opplysningene du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottaker, som er kommunen, før du bestemmer deg for å sende inn søknaden. 

Når du har vald innsending, har du samstundes stadfesta at mottakar kan motta opplysningane. Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg, vert innhaldet sletta frå databehandler sin server (seinast innan tre døgn).


Sikker linje

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server foregår over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.


Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: postmottak@oygarden.kommune.no 

Viss du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Viss du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv foreta slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter samme lov § 27 og § 28.


Unnlatt samtykke

Viss du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen - ACOS Søknadssenter - i forhold til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på anna måte.
 

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år. 


Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringen, ta kontakt med servicetorget på tlf 56 38 20 00 eller e-post: postmottak@oygarden.kommune.no 

Gå tilbake til søknadssenteret

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.12.2015
Fann du det du leita etter?

Skjemakategoriar

Barn og famile Næring
Barnehage - Spesialpedagogiske tiltak/PPT Omsorg, trygd og sosiale tenester
Bustad og eigedom Personal
Folkevalde Skattar og avgifter
Handel og service Skule - spesialundervisning/PPT
Helse Skule og utdanning
Individ og samfunn Søk på stilling
Kultur og fritid Vaksenopplæring
Kunngjering/høyring Vatn, kloakk og renovasjon
Løyver Ymse
Natur og miljø

Logg inn