Nyheitsstraum - RSS

Her finn du ei rettleiing på korleis du kan abonnere på nyheiter frå Øygarden kommune.

Kva er RSS?

RSS er eit enkelt format for distribusjon av nyhende på nett. RSS vert kalla nyhendestraum på norsk. Nyhendestraumen vert oppdatert automatisk når det vert lagt ut nytt stoff.

Kva er ein RSS-lesar?

Ein RSS-lesar eir eit verktøy for å abonnere på nyhendestraumar. RSS-lesaren tolkar og presenterar nyhendestraumen for deg, slik at den vert lett å lese.

Du må ha ein RSS-lesar innstallert på maskina di. Døme på RSS-lesar:

Google Leser
Feedreader
SharpReader
ToppNytt
Mozilla Thunderbird

Korleis skal eg bruke RSS?

staden for å oppsøke nettstaden for å sjå om det har skjedd noko nytt, kan du abonnere på nyhendestraum som kontinurleg vert oppdatert. Du kan kombinere fleire nyhendestraumar i ein RSS-lesar.

Korleis abonnerer eg på nyheitsstraum?

  • Opne sida du vil abonnere på og klikk på RSS-ikonet i nettlesaren din
  • Kopier adressa frå adressefeltet
  • Opne RSS-lesarern din, og vel å legge til abonnement. Lim inn adressa du fann i adressefeltet 

Om du ikkje lenger ønskjer å abonnere, så slettar du  RSS-feeden frå RSS-lesaren. 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.12.2015
Fann du det du leita etter?