Innsyn i offentlege dokument

Vi nyttar Acos Innsyn for automatisk å legge ut offentlege dokument. Her finn du postlister, dokument, møteplanar, saklister og vedtak.

Innsyn i offentlege dokument
I følgje Offentleglova § 7 kan vi tilgjengeliggjere dokument på Internett. 

Dokumenta er lagra i PDF format. For å opne PDF-dokument treng du ein PDF-lesar, til dømes Adobe Reader eller Foxit Reader

Arkivdelar som berre inneheld dokument som ikkje skal gjerast tilgjengeleg på Internett i følgje Off.l. § 7, andre ledd er ikkje publisert.

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) 

Korleis bruke postlista
Postlista finn du på hovudsida. Du kan velje dato i første kolonne. 3 siste månader ligg til innsyn og 2 dagars forseinking før journalen vert publisert. Dokumenta vert publisert dagen etter at dei er journalført. Du kan velje om du vil sjå på inngåande eller utgåande dokument. Klikk på I eller U.

Postliste sortert på dato. Under den enkelte dato ligg alle dokument som er motteke eller sendt frå kommunen.

  • Søk etter sak gjer det mogeleg å søke etter opplysningar som er registrert om ei sak, til dømes tittel, sakshandsamar, gards- og bruksnummer mm.
  • Søk etter dokument gjer det mogeleg å søke etter offentlege dokument i databasen. Du kan til dømes søke etter namn/adresse på avsendar eller mottakar, overskrift eller andre registrerte data om dokumentet. 

Politiske saker
I Politisk møtekalendar finn du planlagte møter i dei ulike utvala, komiteane og kommunestyret. 

Når det er sendt innkalling til møta vil saklista vere offentleg og du kan laste ned saksutgreiing og dokumenta i pdf.

Vil du vite kven som er representert i dei ulike politiske utvala finn du dette under politiske utval når du klikkar på politikarar. 

Dei partia som er representert i kommunestyret i Øygarden er omtalt under politiske parti. Her finn du kven som er gruppeleiar i dei ulike partia.  

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 08.09.2016
Fann du det du leita etter?