Skulemiljøutval (SMU)

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vera skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer somskolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at deisamla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.

Møte

SMU har tre møte gjennom året. Ved behov kan det kallast inn til ekstra møte.

Representantar

Referat