Angstmeistring for ungdom: Chilled

Velkommen til meistringskurs for ungdom i 8.-10. klasse! Det er vanleg at barn og unge opplever engstelse i ulike situasjonar og i periodar. Ofte er dette naturleg utviklingsangst, som varer i ein periode før den slepp taket. For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida.

For ungdom er typiske vanskar at ein kvir seg for situasjonar der ein kjenner seg vurdert og evaluert, og at ein engstar seg for å dumme seg ut eller ikkje meistre. Dette skapar typisk vanskar i klasserommet, i kantina, i gymmen, på kjøpesenteret osb. Andre engstar seg for sjukdom, for framtida, eller for at det skal skje noko med familien. Mange kan også engste seg for å overnatte vekke eller for å gå på besøk. 

Om kurset

Chilled er eit behandlingsprogram med mål om å hjelpe ungdom med å handtere engstelse. Foreldre blir oppmoda om å støtte. 

Ungdommen (helst med ein føresett) møter først til ein screeningssamtale der ein og definerer mål for deltakinga. Ungdommen møter så til 8 samlingar à 90 min i gruppe. Gruppa vil vere på 8-10 ungdommar frå heile kommunen. Deltakarane vil få utdelt ei arbeidsbok som vil bli brukt aktivt både i og mellom gruppesamlingane. I løpet av samlingane vil ungdommane lære seg ferdigheiter som dei skal trene på heime, med støtte frå foreldre.

Foreldre møter til 2 eigne samlingar på ettermiddag/kveld, for å lære meir om korleis dei kan vere til støtte og hjelp for ungdommen sin.  

Chilled programmet er har eit godt fundert forskningsmessig grunnlag, og er tilpassa bruk i Norge av NORCE/RKBU Vest. Gruppeleiarane er sertifiserte i å bruke programmet.  

Omfang

Kurset har 8 samlingar à 90 min.  

Dato | Tid | Stad

Informasjon kjem. 

Påmelding

Påmelding skjer via skulehelsetenesta (helsesjukepleiar på skulen barnet/ungdommen går på).