Elevrådet starta det timelange møtet med ordføraren med å visa han rundt i uteområdet og inne i dei nye brakkene som er klare til bruk om eit par veker. Elevane og dei tilsette gler seg over at no er endeleg brakkene straks klare til bruk.
- Kvifor kjem det brakker til skulen når det skal byggjast ny skule, ville elevane vita.
- Det vil ta litt tid å byggja ein ny skule. På tysdag presenterte kommunedirektøren ulike moglege plasseringar av ein ny skule. Han føreslår Møvika vest som ligg nokre hundre meter nord for Møvika. Vi håpar at ein ny skule kan vera klar i løpet av tre år, sa ordføraren. Han lova at det også skal lysast ut konkurranse om namn på den nye skulen.
Ordføraren vart også spurt om Skålvika skule vert lagt ned før den nye skulen på vestsida er på plass.
- Ut frå politiske signal trur eg ikkje det kjem til å skje, sa han.
Kutt i skulen?
Elevane ville også vita kvifor det er mykje kutt i skulen. Ordføraren fann fram kritet og brukte tavla for å forklara at det må vera samsvar mellom inntekter og utgifter.
- Vi kuttar alle stader no, men det vert mindre kutt frå 2023. Det er viktig at vi ikkje brukar meir pengar enn vi har. Vi har vore for dårlege til å forklara dette.
Ordføraren måtte også svara på om det vert betre vegar på vestsida. Han håpar at bakken ned mot Møvika skal verta betre, men var ikkje heilt sikker på kva tid alt er på plass når det gjeld vegutbetring elles.
Ordføraren takka for at han fekk vera med på besøket og ikkje minst det elevane fortalde om skulen og kor stolte dei er av skulen. Han likte tydelegvis at dei tippa alderen hans til å vera 48. Ordføraren er 52 år.
Elevane hadde også lista opp kva dei er gode på.
- Eg registrerer at de er gode på samarbeid, å vera vener, å inkludera kvarandre og til å seia fine ting til kvarandre, sa ordføraren.
- Og elevane er gode på å vera høflege med kvarandre. Det opplever eg som rektor, sa Lisbeth Hjelle.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete frå besøket: