Førskuledag og innskriving på Skålevik skule

Skålevik skule planlegg for førskuledag tysdag 8. og/eller 15. juni, kl. 13.00-14.30.

 

På grunn av koronasituasjonen er vi, også i år, nødt til å tenkje alternativt når det gjeld gjennomføring av førskuledag. Gitt at smittesituasjonen tillét det, planlegg vi for førskuledag tysdag 8. og /eller 15. juni, kl. 13.00-14.30. Det er p.t. 24 skulestartarar og det er mogleg at vi må dele dei i to grupper for å kunne gjennomføre ift smittevernreglane. Dette vil vi kome tilbake til.  

Minner om at de må gå inn på kommunen si heimeside og skrive inn barnet dykkar. Her finn de også søknadsskjema for sfo. Når vi har fått kontaktinformasjon på alle føresette, er det enklare for skulen å gje informasjon direkte til dykk. 

Vi gler oss til å treffe alle nye skulestartarar 😊