RETNINGSLINER
Ungdomsmidlar - formålet med tilskotsordninga
Denne tilskotsordninga gjeld midlar av og for ungdommar i Øygarden kommune. Målsetjinga med ordninga er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden, med spesiell prioritering til aktivitetar som vert drivne av ungdommane sjølve.
Kva slags tilskot kan ein søkja på?
Det kan søkjast om tilskot til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak. Det kan vere både eksisterande tiltak eller stønad til realisering av nye. Tiltaket som det vert søkt om skal;
2a) vera spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa 13-18 år. Tiltak retta mot andre aldersgrupper kan vurderast i einskilde høve.
2b) vere geografisk plassert eller ta utgangspunkt i ei plassering i Øygarden kommune
2c) vere open og tilgjengeleg for all ungdom i Øygarden og ikkje avgrensa til små eller spesielle grupper.
2d) vere rusfritt
2e) ikkje vere basert på forteneste eller på annan måte knytast til kommersiell verksemd.
2f) ikkje påføre kommunen ekstra driftsutgifter utan nærare avtale
3. Midlar til disposisjon
På bakgrunn i vedteke budsjett for komande år vert det sett av ungdomsmidlar i januar kvart år.
4. Utbetaling av tilskot / underskotsgaranti :
Som regel gjeld at det ikkje vert utbetalt tilskot/underskotsgaranti før søkjar legg fram rekneskap for søknaden. I einskilde høve kan utbetaling skje, men det skal alltid føreligge rapport på bruk av midlane.
5. Kven kan søkja ?
Øygarden ungdomsråd (ØUR) kan gje tilskot til lag og organisasjonar og grupper som har ungdom i Øygarden kommune som målgruppe for sine aktivitetar. Søkjarane må vere heimehøyrande eller ha sitt virke i kommunen. Einskilde personar kan og søkja om tilskot dersom dei åleine er ansvarleg for tiltak som kjem ungdom i Øygarden til gode.
Om du har søkt om og/eller fått innvilga tilskot frå Øygarden kommune sine ordinære tilskotsordningar kan du likevel søkja om tilskot frå ØUR. Du kan berre få tildelt tilskot frå ØUR ein gong pr. kalenderår.
6. Søknadsfrist
De kan senda inn søknadar frå 1.1.-30.11 i budsjett året. Søknadane vert handsama av Ungdomsrådet etter vedteken møteplan.
7. Korleis søkja ?
Alle søknadar skal vera skriftleg og utarbeida skjema skal nyttast. Kommunen skal handsama alle søknadar etter lov, regelverk og vedteke budsjett.
8. Anna informasjon knytt til retningsliner for kulturtiltak
I tillegg til økonomisk tilskotsordningar kan Kulturkontoret også yte anna hjelp, praktisk eller ved formidling.
Kommunen sine forventningar til søkjar
At alle relevante opplysningar vert gjeve i søknaden eller på førespurnad.
Lovgrunnlag/retningsliner
Handsaminga vil ende i eit enkeltvedtak, og kan difor påklagast i samsvar med forvaltningslova.
For meir informasjon kontakt kulturkontoret.