Byggjer ut Liljevatnet, fase to

Formannskapet tilrår at Liljevatnet skal byggjast ut med to nye barnehageavdelingar og tilpassa lokale for kulturskulen. Dei siste åra har bygget husa barnehage og kulturskule..

Liljevatnet - Klikk for stort bileteLiljevatnet 

Det er i budsjettet sett av 12,9 millionar kroner til ombygginga. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er stort behov for ei fasadebehandling og mindre utvendige reperasjonar. I det opphavlege budsjettet er det ikkje sett av pengar til dette. Kostnadene med dei nødvendige tilleggsopsjonane er kostnadsrekna til 1,2 millionar kroner.

Formannskapet tilrår at finansieringsramma vert auka med 1,2 millionar kroner for å utøva nødvendige opsjonar. Prosjektet vert finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon. Kostnadene vil inklusive tillegget utgjera totalt 14,1 millionar kroner. Utbygginga gjer det mogleg å avvikla drifta av Svingen barnehage i Brattholmen som ligg like ved krysset Arefjordvegen/fylkesveg 223 mot Brattholmen. Leigekontrakten for Svingen barnehage går ut ved årsskiftet 2021/2022. Saka vert avgjort av kommunestyret.

Vedtok kriterium for tildeling av krisemidlar

Kommunale- og moderniseringsdepartementet har tildelt Øygarden kommune 10,2 millionar kroner forå avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av koronaviruset. Formannskapet vedtok kriterium for tildeling av midlane slik det låg føre og som er føreslått av Øygarden næringsutvikling.

Støtta frå regjeringa er i hovudsak tiltenkt verksemder innanfor (prioritert rekkjefølge) reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet og autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv. Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar kan og søkja om støtte under denne tilskotsordninga. Øygarden næringsutvikling KF har spesifisert kva ein meiner med «Andre verksemder». Det er private fritidstilbod (treningssenter, bowling, klatrehallar, ridesenter, yogasenter, frisørar, etc.), handelsverksemd/butikkar som sel direkte til forbrukar og som er ramma av stenging og smittevern, kulturnæringar, organisasjonar, idrett, frivilligheit, stiftelsar m.m.

Regjeringa har i ettertid tildelt ytterlegare 4,1 millionar kroner øyremerkt overnatting og servering. Formannskapet vedtok at midlane vert tildelt ut frå same kriterium som dei andre midlane.

Forlengjer avtale om Vekstportalen og rådgjevarstilling

I samband med tiltakspakke for lokalt næringsliv knytt til koronaviruset har kommunen samarbeidd med Vest Næringsråd om Vekstportalen og rådgjevarstilling. Formannskapet vedtok å vidareføra rådgjevarstilling i Vekstportalen/Vest Næringsråd (70 prosent) vert ført vidare fram til 1. oktober 2021. Servicetelefonen for næringslivet vert oppretthalden fram til 1. oktober, og Vekstportalen vert oppretthalden fram til 1. oktober. Kostnaden på 300 tusen kroner vert finansiert innanfor budsjettrammene for 2021. Kommunedirektøren får i mandat å koma tilbake med ny vurdering om eventuell forlenging i sak til Øygarden formannskap innan august 2021.

Ordning og deponering av arkiv

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune inngår avtale med Interkommunal arkiv Hordaland om ordning av arkiv frå gamle Fjell kommune til ein kostnad av 2,4 millionar kroner. Kostnaden vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet. Eit forslag frå Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) om at kostnaden vert vedteken innanfor budsjettet, fekk fem røyster og fall. Saka vert avgjort av kommunestyret.

Etablerer ikkje økonomisk kompensasjon for forsamlingshus

Formannskapet tilrår at kommunen ikkje etablerer ein eigen økonomisk kompensasjonsordning for full dekking av kommunale avgifter knytt til samfunnshus/forsamlingshus i kommunen. Noverande tilskotsordning for forsamlingshus vert auka frå åtte til ti tusen kroner.

Andre saker i formannskapet

  • Økonomisk status pr. februar 2021 var teken til orientering. Kommunedirektøren får fullmakt til å budsjettera utgifter til koronaviruset i samsvar med oversikt. Ordførar vil kalla inn til ekstra formannskapsmøte når kvartalsrapporten er tilgjengeleg då det vert lenge å venta til planlagt formannskap den 18. mai.
     
  • Framlegg til «Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og om regulering av feiegebyr» vert lagt ut på høyring i tre veker.
     
  • Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å ta saka om prioritering av planoppgåver til orientering. Formannskapet vedtok eit tilleggspunkt etter forslag frå Marianne Sandahl Bjorøy (Ap); Før nye kommunedelplanar kjem til politisk behandling, skal det leggjast vekt på kvalitet og finansiering av rekkjefølgjekrav med inntil 50/50 deling mellom private utbyggjarar og offentlege styresmakter.
     
  • Formannskapet vedtok at kommunen ønskjer å etablera eit formelt FoU-samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, (FoU: forsking og utviklingsarbeid).

Sak om justering av reglement for møte når det gjeld oversendingsframlegg vart utsett.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland