Stemmerett og manntal ved Stortingsval

Manntallet er ei oversikt over alle som har stemmerett. For å kunne stemme, må du vere innført i manntallet i ein kommune. 

Er du innført i manntallet?

Alle med stemmerett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der folkeregisteret har registrert deg som bosett den 30. juni i valåret.

Dersom du flytter til ein anna kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.
 

Førehandsstemme eller stemme på valdagen?

Førehandsstemme kan du gjøre i alle kommunar i landet, men på valdagen kan du kun avgje stemme i den kommunen du er manntallsført i.
 

Veljarar busett i utlandet

Bor du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje din siste bustadskommune om å bli ført inn i manntalet.

Du kan søkje om å bli innført i manntalet ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert nytta ved førehandsstemmegjeving utanriks. Førehandsstemmer du i Norge eller ikkje nyttar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema (PDF, 73 kB). Søknaden må innehelde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar.

Dersom du oppheld deg i utlandet, kan du førehandsstemme i perioden 1. juli til 1. september. Du må sjølv sørgje for å avgje stemmen så tidleg at den når fram til rett kommune før 12. september kl. 17.00.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 08.08.2017
Fann du det du leita etter?