Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Øygarden er 6 politiske parti representert i kommunestyret og det er 23 medlemer. Kommunestyret har møte om lag 8 gongar i året.
Snarvegar: Val 2019 - Lokaldemokrati - Regjeringa sin valportal - Politikk
Lenker til partia i Øygarden sine heimesider:
Lokal informasjon finn du under Politikk. Her kan du mellom anna lese sakene som har vore oppe til politisk handsaming (møtekalender) og kven som er medlem i dei ulike politiske utvala.
Ved kommunestyre- og fylkestingsval skal det veljast representantar til kommunestyre og fylkesting i Noreg. Vala vert helde kvart fjerde år og neste val er måndag 9. september 2019.
Frå 01.01.2020 skal kommunane Fjell, Sund og Øygarden slå seg saman til ein kommune. Val 2019 vert difor kommunestyreval for den nye kommunen. Det nye kommunenamnet vert Øygarden. Informasjon om val 2019
Sjå valresultatet for Øygarden kommune - Stortingsvalet 2017 Sjå valresultatet for Øygarden kommune - Kommunevalet 2015 Sjå valresultatet for Øygarden kommune - Stortingsvalet 2013 Sjå valresultatet for Øygarden kommune - Kommunevalet 2011 Sjå valresultatet for Øygarden kommune - Stortingsvalet 2009 Nasjonal informasjon om val finn du på Regjeringa sin valportal.