Ope tilgang til forvaltninga i Øygarden (innsyn)

Som innbyggjar har du rett til å kreve innsyn i postlister og møtepapir.

I denne lenka "Innsyn" kan du søkje fram informasjon frå Øygarden kommune sitt arkiv som postlister, saker og dokument. I tillegg kan du søkje etter utval, politikarar, utvalsmøter og møtedokument.

Søk etter postlister
Her kan du søkje etter postlister på bestemte datointervall. Postlista inneheld alle dokument som er sendt til eller frå kommunen.

Søk etter dokument
Her kan du søkje etter alle dokument i kommunen sitt arkiv. Frå søkjeresultatet kan du velgje å sjå alle detaljer om ulike dokument.

Søk etter saker
Her kan du søkje etter alle sakene i kommunen sitt arkiv. Frå søkjeresultatet kan du velgje å sjå alle detaljer om saker og få tilgong til alle dokument i dei.

Søk etter møter
Her kan du søkje etter politiske møte, sjå møtedetaljar og få tilgong til alle sakspapir som møteinnkallingar, møteprotokollar, saksfremlegg med vedlegg og saksprotokollar.

Søk etter politiske saker
Her kan du søkje etter politiske saker, sjå detaljar om kva utval sakene skal handsamast  i og få tilgong til saksfremlegg og saksprotokollar.

Søk etter politikarar/tilsette
Her kan du søkje etter politikarar/tilsette og sjå detaljar om dei og i kva utval dei er medlem av. Du kan og få lista opp alle medlemar av bestemte politiske utval.

Søk etter parti/politikarar
Her kan du søkje etter parti og få oversikt over politikarar med tilknytning til partia.

Søk etter utval
Her kan du søkja etter ulike utval, og få oversikt over medlemar/varamedlemar i dei ulike utvala.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.10.2016
Fann du det du leita etter?