Kommunestyret

Øygarden kommunestyre har 23 representantar i perioden 2015-2019 som er fordelt på 6 ulike partigrupper. Ordførar er leiar for kommunestyret.

Montasjebilete av heile kommunestyret i Øygarden. (Fotograf John Kenneth Aase) - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har 8 møte i året, med overordna planar, budsjett og økonomiske saker, interkommunale samanslutningar o.l. som hovudoppgåve. Saklistene vert lagt ut på nettsidene våre, og møta vert haldne for opne dører. I tillegg har Radio Sotra direktesending og opptak frå kvart møte.

Kommunestyret har lagt det daglege politiske ansvaret for drifta av kommunen til formannskapet og to politiske utval, kvar med sju medlemer. Desse deler på ansvar og arbeid etter type oppgåver.

Oversikt over representantar i kommunestyret
Oversikt over møter, møteplan, sakspapir og protokollar

Ordførar Her finn du kontaktinformasjon til ordføraren.
Ordførar
NamnTelefonE-post
Børge Haugetun (TVØ)56385405 / 950 73753E-post
Politisk sekretær Her finn du kontaktinformasjon til politisk sekretær.
Politisk sekretær
NamnTelefonE-post
Beate Hetlevik56385403E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 26.09.2017
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
Artikkel (1)