Vallova stiller strenge krav til at det vert levert korrekt valresultat. Difor vert det og stilt krav til den som skal jobbe som valmedarbeidar.
Kven ser vi etter?
- Du må være fylt 18 år.
- Du kan ikkje vere listekandidat ved kommunestyre eller fylkestingvalet 2023
- Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og ha god kunnskap om bruk av elektronisk verktøy (PC og Smart telefon)
- Du må ha god helse og arbeidskapasitet, og kunne vere aktiv store deler av dagen
- Du må kunne rettleie veljarar og vere fleksibel ved jobbrotasjon
- Du må ha tatt i bruk MinID eller BankID, og være kjent med bruken av dette for pålogging til det valadministrative systemet
- Du må kunne delta på obligatorisk 3 timars opplæring i august
- Du treng ikkje vere busett i Øygarden kommune
Når skjer valet?
Valet går føre seg i 13 ulike vallokale måndag 11. september. Vallokala er opne for veljarane frå kl. 09.00 til kl. 21.00. Arbeidstida i vallokalet vert frå kl. 08.00 og til normalt om lag kl. 23.00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i stemmestyret å organisere arbeidet i vallokalet.
Arbeidsoppgåver
- Ta i mot og rettleie veljarar
- Kontrollere legitimasjon
- Søkje opp veljarane i elektronisk manntal og krysse av for avlevert stemmesetel
- Stemple stemmesetlane
- Sikre at veljarane legg setlane riktig i urnene
- Telje stemmesetlar når stemmegivinga er ferdig kl. 21.00
- Også andre oppgåver kan verta lagt til valmedarbeidarane på valdagen
Vallokale i Øygarden kommune
I søknadsskjemaet kan du krysse av for kva lokale du vil føretrekkje å arbeide i eller om du er fleksibel og kan arbeide i kva som helst av dei 13 lokala. I nokon av vallokala har vi allereie godt med folk, medan vi på andre manglar ein del.
Du vil og få spørsmål om du har høve til å arbeide heile valdagen (frå kl. 08.00 - ca. 23.00) eller om du ønskjer å arbeide halv dag.
Søknadsskjema
Søk om å bli valmedarbeidar i Øygarden
Søknadsfrist er snarast og innan 1. juni.
Organisering og betaling
Kvar krins/vallokale har eit røystestyre på tre personar; leiar, nestleiar og medlem. Desse har det formelle ansvaret og administrerer røystegjevinga i vallokalet. Dei andre i vallokalet er valmedarbeidarar.
Alle som deltek vert godtgjort for arbeidet på valdagen og for den obligatoriske opplæringa.
Satsane er
- Medlemer i røystestyra og andre valmedarbeidarar: kr. 225,- pr time
- Leiar i røystestyret får eit funksjonstillegg på: kr. 750 pr dag
- For å delta på 3-4 timars obligatorisk opplæring: kr. 500
- For å delta i klargjering av vallokale før valdagen: kr. 500.
Satsane er med forbehold om godkjenning i valstyret.
Obligatorisk opplæring
Alle må møte på opplæring i regelverk, rutiner og datasystem. Det vert sett fleire opplæringsdatoar på ettermiddag i slutten av august.