Kva kan det klagast over?
Veljarane kan klage på alle typar forhold så lenge det er knytt til korleis valet skal førebuast og gjennomførast. Forholdet må vere eit brot på regelverket for korleis valet skal førebuast og gjennomførast.
Vallova § 13-2 Klage ved fylkestingsval og kommunestyreval
Kven kan klage?
Alle med stemmerett ved valet kan klage. Klageretten ved kommunestyreval gjeld berre i kommunen der veljaren er manntalsført.
Gjeld klagen spørsmål om stemmerett eller om tilgangen til å stemme, har også den som ikkje har blitt manntalsført, klagerett.
Formelle krav til klagen
Følgjande krav til sjølve klagen må vere oppfylt for at klagen skal vere gyldig:
- Klagen må vere skriftleg og skal setjast fram for valstyret.
- Klagen må ha kome inn til valstyret i kommunen.
- Klagen må vere innlevert innan sju dagar etter valdagen. Klage over valoppgjeret må vere innlevert innan sju dagar etter at valoppgjeret er godkjend i kommunestyret (26.10.23). Det er ikkje tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen.
- Den alminnelege rettleiingsplikta for forvaltningsorganet er gjeldande, noko som inneber at eitkvart forvaltningsorgan skal sende saka til rett instans dersom den kjem feil.
Klageinstans
Dersom valstyret ikkje tek ei eventuell klage til følgje vert den sendt vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Vedtak gjort av departementet er endeleg og kan ikkje klagast på eller sendast til domstolane for overprøving.
Klage skal sendast til:
Valstyret i Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong, e-post: postmottak@oygarden kommune.no.
Valstyret tek seg av ev. vidaresending til departementet.
Klager som kjem før valdagen
Valstyret skal «utan ugrunna opphald» prøve saka og vurdere om klagen skal få medhald. Dersom ein kjem fram til at klagar får medhald og feilen kan rettast, vert saka avslutta.
Dersom feilen ikkje kan rettast kan det ikkje gjevast medhald i klagen. Saksbehandlinga i desse tilfella vert lik som om klagen har kome inn etter valgdagen.
Klager som kjem etter valdagen
Ved klager over forhold som ikkje kan rettast eller ved klager som ikkje får medhald, må valstyret eller fylkesvalstyret utarbeide oversendingsbrev til departementet. Behandling av slike saker hastar, og kopi av klagen må umiddelbart - før utarbeiding av oversendingsbrev – sendast til departementet. Samstundes bør kommunestyret orienterast.
Klagebehandlinga
Det skal skiljast mellom klager som har kome inn til og med valdagen og klager som har kome etter valdagen.