Desse er valde inn i det nye kommunestyretLytt til tekstenStopp avspillingValstyret for Øygarden kommune godkjende onsdag møteboka med kandidatkåring av representantane i kommunestyret. Kommunestyrevalet enda opp med at Høgre fekk 14 representantar, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet med sju representantar i kommunestyret for perioden 2023-2027. Industri- og Næringspartiet får fire representantar, KrF tre representantar, Sotralista – TVØ tre representantar og SV to representantar. MDG, Pensjonistpartiet, Raudt, Senterpartiet og Venstre får kvar ein plass i kommunestyret. Her er liste over dei som er valde inn (PDF, 196 kB) To stjerner for faste medlemer og ei stjerne for varamedlemer. Her er liste med informasjon om stemmetillegg og personstemmer (PDF, 46 kB) Publisert 13.09.2023 10.06