Vil du vera valmedarbeidar på valdagen 08.09.25?

Vi treng samfunnsengasjerte, positive og nøyaktige personar i Øygarden kommune til å delta i valgjennomføringa på valdagen for stortingsvalet 2025.

Ill. Valgdirektoratet - Klikk for stort bileteIll. Valgdirektoratet

Vallova stiller strenge krav til at det vert levert korrekt valresultat. Difor vert det óg stilt krav til den som skal jobba som valmedarbeidar.

Kven ser vi etter?

  • Du må vera fylt 18 år
  • Du må beherska norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Du kan ikkje vera listekandidat ved stortingsvalet 2025
  • Du må vera serviceinnstilt, nøyaktig og ha god kunnskap om bruk av elektronisk verktøy (PC og smart-telefon)
  • Du må ha god helse og arbeidskapasitet, og kunne vera aktiv store deler av dagen
  • Du må kunna rettleia veljarar og vera fleksibel ved jobbrotasjon
  • Du må logga deg på det valadministrative systemet med minID
  • Du må kunna delta på obligatorisk 3 timars opplæring i august
  • Du treng ikkje vera busett i Øygarden kommune

Når skjer valet?

Valet går føre seg i 12 ulike vallokale måndag 8. september. Vallokala er opne for veljarane frå kl. 09.00 til kl. 21.00. På valdagen jobbar mange frå kl. 08.00 og til om lag 23.00, medan andre jobbar delar av dagen. Det kan difor henda du ikkje får jobba heile valdagen, sjølv om du ønskjer det.

Det er opp til leiar i vallokalet å organisera arbeidet i vallokalet.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot og rettleia veljarar
  • Kontrollera legitimasjon
  • Søkja opp veljarane i elektronisk manntal og kryssa av for avlevert stemmesetel
  • Stempla stemmesetlane
  • Sikra at veljarane legg setlane riktig i urnene
  • Telja stemmesetlar når stemmegivinga er ferdig kl. 21.00
  • Også andre oppgåver kan verta lagt til valmedarbeidarane på valdagen

Vallokale i Øygarden kommune

Vallokale i Øygarden kommune
Krins Vallokale
01 Stranda Stranda skule/hallen
02 Spildepollen Spildehallen
03 Skogsvåg Sundhallen
05 Ulveset/Skålevik Ulveset skule - gymsalen
06 Kolltveit Bildøyhallen
07 Bjorøy/Tyssøy Bjorøy skule - gymsalen
08 Brattholmen Brattholmen skule - gymsalen
09 Hjelteryggen Hjelteryggen skule - gymsalen
10 Foldnes Foldnes skule - gymsalen
11 Ågotnes Ågotneshallen
12 Rong Hjeltefjorden Arena
13 Tjeldstø Tjeldstø skule - gymsalen

I søknadsskjemaet kan du kryssa av for kva lokale du vil føretrekkja å arbeida i eller om du er fleksibel og kan arbeida i kva som helst av dei 13 lokala.

Du vil óg få spørsmål om du har høve til å arbeida heile valdagen (frå kl. 08.00 - ca. 23.00) eller om du ønskjer å arbeida halv dag.

Søknadsskjema

Søk om å bli valmedarbeidar i Øygarden

Søknadsfrist er snarast og innan 28. april.

Organisering og betaling

Leiar og nestleiar har det formelle ansvaret og administrerer røystegjevinga i vallokalet. Dei andre i vallokalet er valmedarbeidarar.

Satsane

  • Valmedarbeidarar - lønn pr time - same sats for heile dagen - kr. 250
  • Funksjonstillegg - leiar i vallokalet - kr. 1.500
  • Funksjonstillegg - nestleiar i vallokalet - kr. 1.000
  • Lønn - Deltaking obligatorisk opplæring - fast sats pr oppmøte - kr. 600
  • Lønn - Deltaking oppsett av vallokalet  - fast sats pr oppmøte - kr. 600

Satsane er vedteke av valstyret.

Obligatorisk opplæring

Alle må møta på opplæring i regelverk, rutinar og datasystem på ein av desse datoane:

Tysdag 19. august eller onsdag 27.08.25, kl. 17.00 - 20.00