Beredskap

Den kommunale kriseleiinga har ein overordna funksjon i samband med handtering av større uønskte hendingar.

Kriseleiinga

Kriseleiing kan etablerast når:

  • hendinga vil eller kan påverke mange innbyggjarar i kommunen
  • hendinga krev tiltak frå fleire kommuneområder
  • hendinga vil medføre eit stort informasjonsbehov 

Mindre hendingar vert handtert på fagnivå.

Beredskapssjef i Øygarden kommune er June Johannesen. Beredskapskoordinator er
Thomas Bekkenes.

Kommunedirektør, assisterande kommunedirektør og kommunalsjefane har ansvar og fullmakt til å etablera kriseleiing. Ordførar har ansvar for kontakt med publikum og media.

Medlemmar i kriseleiinga: kommunedirektør, kommunalsjefar og støtte funksjonar.  Ordførar skal alltid kallast inn til første møte.

Kontakt oss


June Johannesen
Beredskapssjef
Mobil: 481 32 938

Stein-Inge Stigen
Kommuneoverlege

Bjørg Møllerløkken
Smittevernlege

Andre
110 - Brann
112 - Politi
113 - Ambulanse

Legevakt - tlf:116 117