Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Utval for plan

Utval for plan (UFP) er eit av tre hovudutval i kommunen, som alle innstiller i saker til overordna politiske organ, og gjer vedtak i tråd med delegasjon.

Utval for plan har følgjande ansvarsområde:

  • Overordna plan og utvikling knytt til kommuneplanen sin arealdel, her under planprogram, reguleringsplanar m.m.
  • Kommunedelplanar (areal)
  • Reguleringssaker og arealrelaterte saker
  • Alle saker etter plan- og bygningslova, unntatt slutthandsaming av klagesaker
  • Alle klagesaker (også kurante) innan byggesak går til utval for plan med innstilling til vedtak etter følgjande modell:
    - Etter at klagen er mottatt vert klagen handsama administrativt
    - Klagen vert deretter sendt til utval for plan med innstilling til vedtak
    - Utval for plan vedtek om klagen skal takast til følgje eller ikkje
    - Om utval for plan ikkje tek klagen til følge, vert den sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd

Utvalet har 11 representantar.

Her finn du oversikt over møte i UFP, sakspapir, leiar og representantar med kontaktinformasjon