Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret.

  • Kontrollutvalet skal i første rekke føre samanhengande tilsyn og kontroll med forvaltninga i kommunen på vegne av kommunestyret, medrekna å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
  • Utvalet kan i prinsippet ta opp eitkvart forhold ved kommunen si verksemd så lenge det kan definerast som kontroll eller tilsyn. Uvalet kan likevel ikkje overprøve politiske prioriteringar utført av kommunen sine folkevalde organ.
  • Kontrollutvalet kan berre sjå til at dei vedtak som er tekne og at verksemda elles er i tråd med rettslege krav til kommunen. Det vil seie om vedtak er tekne av kompetent organ etter korrekt saksbehandling og om vedtaket er gjennomført som fastsatt. Kommunelova §23-5 viser også til at kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret

Kontrollutvalet har 7 representantar.

Her finn du oversikt over møte i kontrollutvalet, sakspapir, leiar og representantar med kontaktinformasjon


Sekretariat

Vestland fylkeskommune er sekretariat for kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under rådmannen sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.

Kontaktinformasjon til sekretariatet

Helge Inge Johansen
Telefon: 402 03 664
E-post: helge.inge.johansen@vlfk.no

Revisjon

Øygarden kommune har avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Det omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.