Vedteke i kommunestyret 30.09.2021.
§ 1 Føremål
Ungdommens kommunestyre (UKS) er Øygarden kommune sitt lovpålagte ungdomsråd, og er eit rådgjevande organ for kommunen. Rådet skal representere interessane til ungdom i kommunen, og sikre medverknad frå ungdom i alle kommunale saker som gjeld ungdom.
§ 2 Val og samansetjing
UKS skal bestå av 11 medlemmar + varamedlemmar. Kommunestyret vedtek både tal medlemmar og samansetjinga av medlemmane.
Medlemmane kan ikkje ha fylt 19 år ved valtidspunktet, og kvart kjønn skal vere representert med minimum 40 prosent. Kjønnsbalansen skal fordelast med å sjå kjønnsbalansen for medlem og varamedlem kvar for seg.
Medlemane skal representere ungdommane i kommunen.
Medlemmane vert valde for ein periode på (inntil) to år.
Ved val av UKS skal det takast omsyn til breid representasjon, mellom anna med omsyn til geografisk tilhøyrigheit, alder, eigenskapar, bakgrunn, og kontinuitet i UKS.
UKS vel sjølv sin leiar og nestleiar, og skal konstituere seg i sitt første møte etter valet.
Organisasjonar som representerer ungdom har rett til å fremje forslag til medlemar i UKS. Andre enn organisasjonane kan og kome med forslag om kandidatar.
Kommunestyret skal velje ein kommunestyrerepresentant som fast politisk kontaktperson for UKS for kommunestyreperioden. Politisk kontaktperson har møte- og talerett i UKS.
§ 3 Oppgåver og mynde
UKS har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom, med unntak av saker som gjeld einskildpersonar.
UKS kan fritt og på eige initiativ ta opp saker som dei ønskjer å uttale seg om.
UKS kan tildelast forvaltningsansvar for budsjettpostar som gjeld ungdom. UKS har forvaltningsansvar for tilskotsorninga kalla ungdomsmidlar. Målsetjinga med ordninga er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden, med spesiell prioritering til aktivitetar som vert drivne av ungdommane sjølve. Midlar til denne tilskotsordninga vert løyvd i kommunestyret si budsjettbehandling.
Plan- og bygningslova § 5-1 gjev kommunen eit særskild ansvar for å sikre aktiv medverknad i planlegging frå grupper som krev særskild tilrettelegging, som barn og unge.
UKS får slik møte- og talerett i folkevalde organ: Når saker som UKS har uttalt seg om kjem til avgjerd i kommunestyret eller til organ med delegert avgjerdsrett, kan ein representant for UKS få ordet for å presisere standpunkt eller klare opp i mistydingar.
UKS har rett til å uttale seg før kommunestyret set ned sekretariat, fastset saksbehandlingsreglar, og vedtek budsjett for UKS.
UKS skal kvart år legge fram årsmelding for kommunestyret.
§ 4 Saksbehandling og rutinar
Kommunelova definerar UKS som «andre kommunale organ», og slike kommunale organ skal følgje dei same bestemmelsane som folkevalde organ. Dette inkluderer saksbehandlingsreglane i kommunelova kap. 11, som igjen inkluderer bl a. forbod mot interne arbeidsutval, krav til innkalling og møtebok, sakshandsaming i møte, votering, og offentlegheit.
Medlemene av UKS har same rettar og plikter som andre folkevalde, slik det kjem fram av kommunelova kap. 8. Dette inkluderer bl. a. rett og plikt til å møte, samt godtgjersle.
Administrasjonen skal sikre etablerte rutinar som sikrar at alle saker som gjeld levekår for ungdom vert lagt fram tidsnok til behandling i UKS. Uttalar frå UKS skal følgje den vidare politiske saksgangen, minimum til det organet som fattar endeleg avgjersle i saka.
Dersom administrasjonen er usikker på om ei sak skal behandlast i UKS, bør UKS sjølve avgjere om dei ynskjer å uttale seg i saka.
UKS kan kalle inn representantar for administrasjonen når det er ynskjeleg med informasjon, både i einskildsaker og saker av meir generell natur.
UKS skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp frå kommunen sin administrasjon til å fungere godt.
Utval for tenester og levekår skal halde eitt årleg statusmøte med UKS.
§ 5 Gjeldande reglement
Reglementet gjeld frå vedtak i Øygarden kommunestyre 30.09.2021. Reglementet og øvrig arbeid i UKS skal til ei kvar tid vere i samsvar med kommunelova og forskrift om medverknadsordningar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Barne- og familiedepartementet sin rettleiar for ungdomsråd gjer nærare føringar og råd.