Vedteke i kommunestyret 21.11.2019 – sak 026/19. Godkjent i råd for personar med funksjonsnedsetjing 11.02.2020 – sak 004/20.
§ 1 Føremål
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing er eit lovpålagt og rådgjevande organ for kommunen. Rådet skal representere interessene til personar med funksjonsnedsetjing i kommunen, og sikre medverknad i alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsetjing.
§ 2 Val og samansetjing
Kommunestyret skal velje eit råd for personar med funksjonsnedsetjing for kommunestyreperioden, fire år. Kommunestyret skal vedta samansetjinga av rådet for personar med funksjonsnedsetjing og talet på medlemer og varamedlemer.
Organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetjing har rett til å fremje forslag om medlemer til rådet. Det er krav om at kvart kjønn er representert med minst 40 % av medlemene og varamedlemene i rådet for personar med funksjonsnedsetjing. Rådet for personar med funksjonsnedsetjing skal vere sett saman av 9 medlemer og varamedlemer, heimehøyrande i kommunen. Seks av medlemene skal veljast etter forslag frå brukarorganisasjonar som SAFO og FFO, og det skal veljast tre kommunestyrerepresentantar. Det er rådet for personar med funksjonsnedsetjing som sjølv skal velje leiar og nestleiar blant medlemene.
§ 3 Oppgåver og mynde
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsetjing, som rådgjevande organ for kommunen. Særleg vil det gjelde saker om likestilling, likeverdig tilgang til kommunale tenester, og saker om universell utforming. Rådet bør også jobbe med saker knytt til FN-konvensjonen om rettar til personar med funksjonsnedsetjing, CPRD.
Fokus på likestilling, likeverd og tilgjenge vil vere gjeldande i dei fleste saker på overordna nivå:
- Årsbudsjett og økonomiplanar
- Plansaker, blant anna lokaliseringspolitikk, byutvikling, nærmiljøutvikling
- Transport og tilgjenge
- Bustadutbygging og reguleringssaker
- Helse-, pleie og omsorg, inkl. folkehelse og førebyggjande tiltak
- Kultur, idrett og friluftsliv
- Frivilligheitspolitikk
- Tilsynssaker
- Digitalisering
- Medverknad og personar med funksjonsnedsetjing som ressurs, særleg arbeidsdeltaking
- Årsmeldingar og rapportar frå etatar innan saksområder som gjeld personar med funksjonsnedsetjing
- Andre aktuelle saker
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing skal ikkje behandle saker som gjeld avgjersler ovanfor einskildmenneske.
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing kan fritt og på eige initiativ ta opp saker som dei ønskjer å uttale seg om.
Rådet får slik møte- og talerett i politisk organ; Når saker som rådet for personar med funksjonsnedsetjing har uttalt seg om, kjem til avgjerd i kommunestyret eller til organ med delegert avgjerdsrett, kan ein representant for rådet få ordet for å presisere standpunkt eller klare opp i mistydingar.
Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret set ned eit sekretariat, fastset saksbehandlingsreglar og vedtek budsjett for rådet for personar med funksjonsnedsetjing.
§ 4 Saksbehandling og rutinar
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing vert definert som «andre kommunale organ» i kommunelova, og skal følgje saksbehandlingsreglar med møte, innkalling og saksliste og møtebok. Medlemene av rådet vert rekna som folkevalte, med same retter og plikter som andre folkevalte etter kommunelova, og med behov for opplæring.
Rutinar må etablerast slik at alle saker som gjeld levekåra for personar med funksjonsnedsetjing vert lagt fram til handsaming hos rådet jf. rådet sin uttalerett. Ei eventuell uttale frå rådet skal følgje saksdokumenta til det organet som avgjer saka endeleg.
Saker må leggjast fram for rådet for personar med funksjonsnedsetjing på eit så tidleg tidspunkt at ei eventuell uttale har sjanse til å påverke utfallet av saka. Det gjer at rådet må få sakene i rimeleg tid før endeleg avgjerd i kommunestyret. Det same gjeld for saker der avgjerdsretten er delegert. Planlegging av møtetider for rådet må ta omsyn til dette.
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing kan kalle inn representantar for administrasjonen når det er ønskjeleg med informasjon i einskildsaker eller saker av meir generell natur.
Rådet skal få tilstrekkeleg med sekretariatshjelp frå kommunen sin administrasjon til å fungere godt.
Rådet skal utarbeide ei årsmelding til kommunestyret om drifta av rådet.
§ 5 Økonomi og administrasjon
Rådet for personar med funksjonsnedsetjing kan tildelast forvaltningsansvar over budsjettpostar som gjeld personar med funksjonsnedsetjing.
§ 6 Gjeldande reglement
Reglementet gjeld frå vedtak i Øygarden kommunestyre 21.11.2019. Utover dette skal Rådet for personar med funksjonsnedsetjing arbeide i samsvar med Lov om kommunar og fylkeskommunar, særleg § 5-12, Forskrift om medverknadsordningar og Rettleiar for råda for personar med funksjonsnedsetjing (av 9.sept 2019).