Vedteke i Kommunestyret 21.11.19 og i eldrerådet 11.06.20.
§ 1 Føremål
Eldrerådet er eit lovpålagt og rådgjevande organ for kommunen. Eldrerådet skal representere interessene til eldre i kommunen, og sikre medverknad i alle saker som gjeld eldre.
§ 2 Val og samansetjing
Kommunestyret skal velje eit eldreråd for kommunestyreperioden, fire år. Kommunestyret skal vedta samansetjinga av eldrerådet og talet på medlemer og varamedlemer.
Fleirtalet av medlemene i eldrerådet skal ha fylt 60 år på valtidspunktet. Organisasjonar som representerer eldre har rett til å fremje forslag om medlemer til eldrerådet. Det er krav om at kvart kjønn er representert med minst 40 % av medlemene og varamedlemene i eldrerådet.
Eldrerådet skal vere sett saman av 9 medlemer og varamedlemer, heimehøyrande i kommunen. Fem av medlemene skal veljast etter forslag frå pensjonistforeiningar, og fire representantar valt av kommunestyret.
Det er eldrerådet sjølv som skal velje leiar og nestleiar blant medlemene.
§ 3 Oppgåver og mynde
Eldrerådet som rådgjevande organ for kommunen har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld eldre. Eldrerådet bør ha særleg fokus på:
- Årsbudsjett og økonomiplanar
- Plansaker, blant anna lokaliseringspolitikk, byutvikling, nærmiljøutvikling
- Transport og tilgjenge
- Bustadutbygging og reguleringssaker
- Helse-, pleie og omsorg, inkl. folkehelse og førebyggjande tiltak
- Kultur, idrett og friluftsliv
- Frivilligheitspolitikk
- Tilsynssaker
- Digitalisering
- Medverknad og eldre som ressurs
- Årsmeldingar og rapportar frå etatar innan saksområder som gjeld eldre
- Andre aktuelle saker
Eldrerådet skal ikkje behandle saker som gjeld avgjersler ovanfor einskildpersonar.
Eldrerådet kan fritt og på eige initiativ ta opp saker som dei ønskjer å uttale seg om.
Eldrerådet får slik møte- og talerett i politiske organ;
Når saker som eldrerådet har uttalt seg om, kjem til avgjerd i kommunestyret eller til organ med delegert avgjerdsrett, kan ein representant for rådet få ordet for å presisere standpunkt eller klare opp i mistydingar.
Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret set ned eit sekretariat, fastset saksbehandlingsreglar og vedtek budsjett for eldrerådet.
§ 4 Saksbehandling og rutinar
Eldrerådet vert definert som «andre kommunale organ» i kommunelova, og skal følgje saksbehandlingsreglar med møte, innkalling og saksliste og møtebok. Medlemene av eldrerådet vert rekna som folkevalte, med same retter og plikter som andre folkevalte etter kommunelova, og med behov for opplæring.
Rutinar må etablerast slik at alle saker som gjeld levekåra for eldre vert lagt fram til handsaming hos eldrerådet jf. eldrerådet sin uttalerett. Ei eventuell uttale frå eldrerådet skal følgje saksdokumenta til det organet som avgjer saka endeleg.
Saker må leggjast fram for eldrerådet på eit så tidleg tidspunkt at ei eventuell uttale har sjanse til å påverke utfallet av saka. Det gjer at eldrerådet må få sakene i rimeleg tid før endeleg avgjerd i kommunestyret. Det same gjeld for saker der avgjerdsretten er delegert. Planlegging av møtetider for eldrerådet må ta omsyn til dette.
Eldrerådet kan kalle inn representantar for administrasjonen når det er ønskjeleg med informasjon i einskildsaker eller saker av meir generell natur.
Eldrerådet skal få tilstrekkeleg med sekretariatshjelp frå kommunen sin administrasjon til å fungere godt.
Eldrerådet skal utarbeide ei årsmelding til kommunestyret om drifta av rådet.
§ 5 Økonomi og administrasjon
Eldrerådet kan tildelast forvaltningsansvar over budsjettpostar som gjeld eldre.
§ 6 Gjeldande reglement
Reglementet gjeld frå vedtak i Øygarden kommunestyre 21.11.2019. Utover dette skal eldrerådet arbeide i samsvar med Lov om kommunar og fylkeskommunar, særleg § 5-12, Forskrift om medverknadsordningar og Rettleiar for eldreråd (av 9.sept 2019).