Brukarråd for omsorgstenesta
Brukarråd for omsorgstenesta vart oppretta av kommunestyret 06. oktober 2022.
Rådet skal gje kommunen viktige tilbakemeldingar for arbeidet ein gjer innanfor helse- og velferdstenestene. Helse- og velferdstenestene står framfor store oppgåver. Befolkninga si alderssamansetting vert endra og kompleksiteten i oppgåveløysinga vil auke. Skal kommunen vera i stand til å utvikle morgondagens tenester er eit brukarråd av høg verdi og ei viktig stemme inn i kommunen sitt arbeide når store satsingar innan helse- og velferd enten skal evaluerast, utgreiast eller implementerast. Eit brukar- og pårørandeutval for omsorgstenesta vil vera ein av fleire byggjesteinar som vil vera ein viktig ressurs for utviklinga av framtida sine helse- og velferdstenester.
Brukarrådet har følgjande ansvarsområde
Rådet har ikkje vedtaksmynde, men er eit rådgjevande organ.
Brukar- og pårørande utval vert sett på som ein god måte å få inn brukarerfaringar og brukarperspektivet på system nivå.
Ein ønskjer å nå følgjande:
- Utvikle ein arena for dialog og skapa ein møteplass mellom kommunen, brukarar og pårørande som får omsorgstenester
- Få innspel frå brukarane og pårørande knytt til tiltak som skal arbeidast fram eller evaluerast
- Vidareutvikle innsatsen med å få tenestene i kommunen til å arbeide godt i saman, til beste for brukarar og pårørande
Rådet har 10 medlemmer i tillegg til leiar.
Medlemmer, møteplan med innkalling og protokollar
Her finn du oversikt over møte i rådet med innkalling og protokollar, leiar og representantar med kontaktinformasjon
Sekretariat
Kontakt politisk sekretariat
Sist endra 18.10.2022 12.15