Melde forfall til politiske møte

Som folkevald har du møteplikt i dei kommunale organa du er vald inn i, jf. kommunelova § 8-1. Vi ber dei folkevalde, både faste medlemmar og vara, om å halde dei oppsette møtedagane ledige, og i utgangspunktet ikkje legge feriar eller andre planar til dei aktuelle møtedagane. 

Korleis melda forfall?

Forfall med forfallsgrunn skal meldast så raskt som mogeleg, helst direkte i møteportalen, eller ev. på e-post/telefon til møtesekretær. Kontaktinformasjon til møtesekretærar.

Sekretariatet kallar inn vara

Representantane skal ikkje kalle inn vara sjølve. Politisk sekretariat kallar inn vararepresentantar i ei fast rekkefølgje fastsett av valresultatet. Dette gjeld og ved forfall forårsaka av ugildskap i ei eller fleire saker.

Gyldig forfall

Gyldig forfall skal kunne bli innfridd med eit visst rimeleg skjønn, men kriteria for gyldig forfall er strenge. Dersom den folkevalde må sette helse eller velferd i fare, eller forsømme arbeid (eller andre viktige plikter) som ikkje kan utsetjast, for å møte, vert dette rekna som gyldig forfall.

Døme på gyldig forfall er sjukdom og arbeid som ikkje kan utsetjast, samt viktige velferdsgrunnar som t.d. bryllaup og gravferd.

Ugyldig forfall

Ugyldig forfall er til dømes private reiser og ærend, fritidsaktivitetar, og mindre familiehendingar og - samlingar, samt avvikling av ferie og arbeid (med mindre heilt spesielle årsaker ligg føre).

Møte i andre utval er ikkje godkjend forfallsgrunn til hovudutval og kommunestyre, med unntak av møter i utval på høgare nivå som fylkesting og Stortinget.

Rett til fri frå arbeid

Arbeidstakarar har krav på fri frå arbeid når det er naudsynt på grunn av møteplikt i kommunale folkevalde organ, jf. kommunelova § 8-2. Dette inkluderer også naudsynt reisetid.