Podkastepisode 7: Korleis kan vi førebyggja utanforskap?

- Dersom vi skapar likeverdigheit, skapar vi også rom for at mennesket kan vera seg sjølv.

Det seier erfaringskonsulert Tor-Espen Mork i episode sju i podkasten rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.

Saman med einingsleiar for psykisk helse og rus i Øygarden kommune, Therese Helgesen, gjev Mork oss kunnskap om korleis det er å oppleva utanforskap og kva det gjer med oss som enkeltmenneske. 

Dei som opplever utanforskap, er gjerne utanfor skule, arbeidslivet og det sosiale. Tor-Espen fortel at han lever med kroniske diagnosar og har vore plaga av sjukdom i heile sitt vaksne liv. Men det er  mogleg å gjera noko med dette. Som erfaringskonsulent har Tor-Espen Mork møtt mange som er i liknande situasjon.