Kommuneapp/push varslar

Med appen til Øygarden kommune kan du få kunngjeringar og aktuelle saker direkte til mobilen/nettbrettet ditt. Appen er gratis, og du vel sjølv kor mange kategoriar du vil abonnera på.

I denne appen/push-varsleren har vi kategorisert tenester i kommunen. Finn interesseområda dine i  menyfeltet øvst (Android) eller nedst (iPone) i appen, og legg dei til som "Favorittar". Du vel sjølv kva, og kor mange kategoriar du ønskjer å følgja med på.

Når vi legg ut ei kunngjering eller aktueltsak i ein av kategoriane du har lagt til som favoritt, vil du få eit varsel på mobilen din eller nettbrettet ditt.

Sjølvbetjening

Appen har også ein eigen del med "Sjølvbetjening". Der finn du funksjonar som kan vera nyttige å ha for handa. Der kan du rapportere om feil eller manglar, sjå ledige stillingar og finna informasjon om borgarleg vigsel, skulerute, informasjon om legevakt m.m.

Last ned kommune-appen i Google Play | Last ned kommune-appen i App Store

Setja ein kategori som favoritt

Tenestene våre er kategoriserte, så du kan sjølv velja kva og kor mange kategoriar du vil setja som favoritt.

Slik abonnerer du på varslar:

  1. Gå inn i menyfeltet øvst (Android) eller nedst (iPone) i appen.
  2. Vel "Kategoriar".
  3. Klikk deg inn på ein kategori, til dømes "Barnehage, skule og familie".
  4. Set denne som ein favoritt.
  5. Neste gong vi legg ut ei aktueltsak/kunngjering i denne kategorien, får du eit varsel direkte til mobilen din eller nettbrettet ditt.

Vi har vald å setja kategoriane "Øygarden kommune informerer" og "Beredskap og krisevarsling" som obligatorisk favoritt for alle brukarar for å sikra at viktig informasjon når fram.

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete