BeredskapLytt til tekstenStopp avspillingØygarden kommune har ein beredskapsplan som gjeld heile organisasjon. I tillegg skal kvar eining ha ein delplan for sitt område. Kriseleiinga Kriseleiing kan etablerast når hendinga vil eller kan påverke mange innbyggjarar i kommunen hendinga krev tiltak frå fleire kommuneområder hendinga vil medføre eit stort informasjonsbehov Mindre hendingar vert handtert på fagnivå. Beredskapssjef i Øygarden kommune er June Johannesen. Beredskapskoordinator er Thomas Bekkenes. Kommunedirektør, assisterande kommunedirektør og kommunalsjefane har ansvar og fullmakt til å etablera kriseleiing. Ordførar har ansvar for kontakt med publikum og media. Medlemmar i kriseleiinga: kommunedirektør, kommunalsjefar og støtte funksjonar. Ordførar skal alltid kallast inn til første møte. Psykososialt kriseteam Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette frå ulike arbeidsplasser i kommunen. Vi har kunnskap og erfaring i å hjelpa til ved alvorlege hendingar, i form av psykososial og/eller praktisk bistand. Smittevern Jens Even Eikås er smittevernlege. Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen er kommuneoverlege og har ansvar for miljøretta helsevern. Beredskap i heimen Tenk gjennom kva farar og ulukker som kan ramma deg heime, og førebu deg best mogleg. Dersom du mistar straum eller vert isolert av veret i fleire dagar, bør du vera rusta til å klare deg sjølv nokre dagar. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har laga ei god side med råd om egenberedskap Kommunale planar Overordna beredskapsplan - Administrativ del (PDF, 807 kB) Smittevernplan 20.02.2020 (PDF, 619 kB) Pandemiplan 20.02.2020 (PDF, 545 kB) (delplan til smittevernplanen) Smittevernplan for mottakssenter og liknande mellombels innkvartering for asylsøkjarar og flyktningar (PDF, 933 kB) Informasjon om storulykkebedrifter - Øygarden kommune Informasjon til naboar ved CNG-/LNG- produksjonsterminal til Gasnor på Kollsnes (PDF, 800 kB) Informasjon til allmennheten relatert til storulykker ved Kollsnes og Stureterminalen Informasjon til naboar ved LNG-terminal til Gasnor på Coast Center Base (CCB) på Ågotnes (PDF, 588 kB) Sist endra 30.03.2022 12.52