Tør meir

Intensivt kurs for deg mellom 16-24 år som ønsker å bli tryggare og tørre meir i sosiale situasjonar.

Ill. Pixabay - Klikk for stort bileteOm kurset

Kurset rettar seg mot deg som er i aldersgruppa 16-24 som kvir deg for å gjere ting på eigahand som å gå aleine i butikken, halde presentasjonar, lese høgt, ta ordet, stå framfor andre, bli kjent med nye, og som vil bli tryggare i nye situasjonar som f.eks. på læreplassen eller i ny klasse.

Omfang

Kurset går over 2 dagar, á 4 timar veka, kl. 10.00 - 14.00. Oppmøte dag 1 på Skjenet 10 og dag 2 på biblioteket på Sartor Storsenter.
Neste kurs: 11. - 12. august 2022.

Innhald

På dette kurset øver vi på å møte frykt og ubehag på ein ny måte. Kvar deltakar får lage sitt eige treningsopplegg som vi testar og trenar på desse to dagane. Målet er at du skal kjenne deg litt tryggare når du skal tilbake på skulebenken eller praksisplassen.

Påmelding

Kurset er eit samarbeid mellom Rask psykisk helsehjelp, kommunepsykologane for barn og unge og helsestasjon for ungdom (HFU). Ta kontakt med HFU, helsesjukepleiar på v.g.s., eller helsesjukepleiar på ungdomsskulen om du er 10. klassing.

Helsestasjon for ungdom finn du i 3. etg. på Sartor Storsenter. Telefon 55 09 68 02.