For nokon blir dette likevel vedvarande plager som får følger for dagleg fungering i familien, på skulen og/eller på fritida.
For barn på mellomtrinnet er typiske vanskar at ein kvir seg for å vere heime aleine, kvir seg for å ligge aleine på rommet sitt eller for å reise på overnatting, er redd for å gjere feil eller få kjeft, vere redd for at noko skal skje med foreldrene, engstar seg for å ta kontakt med andre barn eller at ein har meir spesifikke fryktar for t.d. naturkatastrofer, dyr, sprøyter osv.
Om kurset
Cool-Kids er eit behandlingsprogram med mål om å hjelpe barn med å handtere engstelse, med støtte frå føresette.
Barn og foreldre møter først til ein screeningssamtale der ein og definerer mål for deltakinga. Barna møter så til 8 samlingar à 90 min i gruppe.
Gruppa vil vere på 8-10 barn frå heile kommunen. Deltakarane vil få utdelt ei arbeidsbok som vil bli brukt aktivt både i og mellom gruppesamlingane. I løpet av samlingane vil barna lære seg ferdigheiter som dei skal trene på heime, med støtte frå foreldre.
Foreldre møter til 2 eigne samlingar på ettermiddag/kveld, for å lære meir om korleis dei kan vere til støtte og hjelp for barna.
Cool-Kids programmet er har eit godt fundert forskingsmessig grunnlag, og er tilpassa bruk i Norge av NORCE/RKBU Vest. Gruppeleiarane er sertifiserte i å bruke programmet.
Omfang
Kurset har 8 samlingar à 90 min. Kurset går over 10 veker, og det kjem til å være 7-10 barn i gruppa.
Dato | Tid | Stad
- Sone midt - Bjorøy, Hjelteryggen, Brattholmen, Foldnes, Kolltveit, Ulveset, Skålevik
Tid: Måndager: oppstart 27. september
Stad: Straume helsestasjon
Kurshaldarar: Ragnhild F. Fyllingen (helsesjukepleiar) tlf.: 480 02 746 | 56 16 03 00 og Inga Solheim Havnen (helsesjukepleiar) tlf.: 904 72 212 | 56 16 03 00
- Sone sør - Skogsvåg, Stranda, Spildepollen
Tid: Onsdagar: oppstart 27. oktober
Stad: Aktivitetssenteret Skogsvåg
Kurshaldarar: Sølvi Vindenes (helsesjukepleiar) tlf.: 974 91 106 og Elin Foseid (kommunepsykolog)
- Sone nord - Landro, Ågotnes, Toftøy, Rong, Blomvåg, Tjeldstø
Tid: Tirsdager: oppstart 9. november
Stad: Rådhuset på Rong
Kurshaldarar: Kristin Misje (helsesjukepleiar) tlf.: 901 82 414 og Mette Halvorsen(kommunepsykolog) tlf.: 909 13 856
Påmelding
Påmelding skjer via skulehelsetenesta (helsesjukepleiar på skulen barnet/ungdommen går på).