Førehandsvarsel om fritak på nasjonale prøver og obligatoriske kartleggingsprøver

Dersom du har eit barn som får spesialundervisning eller særskilt språkopplæring vil skulen vurdere om det skal gjerast fritak. Du får informasjon frå skulen om kva prøve det gjeld, og ein førespurnad om samtykke.

Skular kan gjere vedtak om fritak frå nasjonale prøver for elevar som får spesialundervisning eller særskilt norskopplæring. Desse elevane skal ikkje automatisk få fritak. Det må i tillegg vere klårt at prøveresultata ikkje vil ha mykje å seie for elevane si vidare opplæring.

Eleven sjølv eller foreldra kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.

Skjema for svar på førehandsvarsel om fritak

Formelle krav

  • Før fritaksvedtak blir gjort, informerer skolen føresette til elevar som blir fritekne, om retten til å krevje deltaking, jf. fvl § 11
  • Skulen gir føresette høve til å uttale seg om saka før fritaksvedtak blir gjort, jf. fvl §§ 16 og 17
  • Skulen gjer skriftege enkeltvedtak om fritak, jf. fvl § 23

Viser til § 2.4 i forskrift til opplæringslova

For elevar som får spesialundervisning etter kapittel 5 i opplæringslova, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skulen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld for elevar som har einskildvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 eller § 3-12.