Sommar i Øygarden

Sommaraktivitetane for barn og ungdom er i gang, og framleis er det ledige plassar på ei rekke kjekke aktivitetar som startar måndag neste veke.

Døme på aktivitetar

Sommar i Øygarden er eit gratis tilbod for elevar på 1.-10. trinn i Øygarden kommune. Det blir ulike aktivitetstilbod heile skuleferien frå veke 25-32. Aktivitetar som er fullbooka er merka med FULLT.

Nokre av opplegga varer ei heil veke, andre varer berre ein dag. Det er stor bredde i aktivitetane og vi håper at alle finn noko dei liker. Aktivitetane er sponsa av midlar frå Utdanningsdirektoratet (Koronamidlar).

Her finn du oversikt over alle aktivitetane