Skuleskyss

Klikk for stort bilete Skuleelevar skal følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind. Fram til og med 14. februar gjeld eit slikt påbod også i ring 2 mellom anna når det ikkje er mogleg å holde minst ein meter avstand på kollektivtransport og i innandørs stasjonsområde. Det gjeld òg generelt i drosje.

Skyss viser til nye tiltak for Bergen og kommunane rundt. For kommunane i «ring 2» er det for grunnskulane vidareføring av gult nivå. Dette tilseier at det ikkje er endringar i gjennomføring av skuleskyssen som følgje av dette, utover endring i når det gjeld bruk av munnbind.

Skuleelevar skal følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind. Fram til og med 14. februar gjeld eit slikt påbod også i ring 2 mellom anna når det ikkje er mogleg å holde minst ein meter avstand på kollektivtransport og i innandørs stasjonsområde. Det gjeld òg generelt i drosje. Barn under 12 år og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind er ikkje omfatta av påbodet.