Råd ved luftvegsymptom og anna sjukdom

Det har vore ein del sjukdom i barnehagane og skulane den siste tida. Sjå flytskjema frå Folkehelseinstituttet om kva du skal gjera dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Når det gjeld omgangssjuke, skal ein halda barnet heime
i 48 timar etter siste oppkast eller diaré.

Her er nokre enkle reglar for kva tid barnet kan returnera til barnehage og skule

  • Allmenntilstanden er god når du ikkje kjenner deg sjuk eller slapp og du er feberfri.
  • Allmenntilstanden kan vera god sjølv om du har nokre restsymptom som lett hoste og rennande nase.  
  • Det er betre med ein ekstra dag heime enn ein dag for tidleg tilbake i barnehagen eller skule. Det hindrar smittespreiing av virus.

Plakat