Informasjon i høve busstreik

Busstreiken vart klokka 05 laurdag morgon utvida til å mellom anna gjelde Vestland fylke. Det betyr at skulebussane ikkje vil gå måndag morgon om busstreiken held fram. 

Klikk for stort bilete Jonas Stenehjem  

Det vert vanlege skuledagar på Øygarden ungdomsskule neste veke og alle som kan komme seg til skulen skal møte som vanleg. 

Fjernundervisning for dei som ikkje kjem seg til skulen på grunn av busstreiken, vil først komme igong tysdag 29. september. Meir informasjon knytt til korleis opplegget vert her, kjem måndag ettermiddag. 

Det vert ikkje notert fråver for elevar som ikkje kjem seg til skulen på grunn av busstreiken.