Feiing og tilsyn på hytter og fritidsbustader

Hytter og fritidsbustader skal no ha feiing og tilsyn på same måte som i vanlege bustader.

Registreringa vil bli utført ved at eigar av bygningen får ein sms med lenke til eit skjema som ho eller han kan fylle ut. Dette vil gi oss litt kunnskap om bygningen og god hjelp til planlegginga av feiing og tilsyn.

Spørsmål som vi ønskjer svar på er for eksempel om vi har rett adresse, om det er køyreveg heilt fram, kor mange skorsteinar det er, om du bruker noko anna til oppvarming som parafin eller gass.

Ny forskrift

Tidlegare var det hytteeigaren som sjølv skulle sørgje for at skorsteinen ble feid. No skal hytta og fritidsbustaden feiast og ha tilsyn på same måte som heilårsbustader. Årsaka til endringane er ei forskrift som kom 1. januar 2016. Her er det no same krav til fritidsbustader som til heilårsbustader.