Sykkel-VM-stemning langs vegane i Øygarden

Tusenvis møtte opp langs vegane i kommunen då naudetatane stilte opp med åtte-ti køyretøy i kortesje 2. påskedag.
- Det minna meg om folkefesten under Sykkel-VM i 2017, seier ein av dei frammøtte ved Landro skule, Elna Nybakk som er nestleiar i styret for Øygarden brann og redning.

Ved Landro skule møtte mange fram for å få med seg kortesjen. - Klikk for stort bileteVed Landro skule møtte mange fram for å få med seg kortesjen. Vigleik Brekke  

Det var berre glade fjes å sjå på ein fin, men kald 2. påskedag. Den iskalde nordavinden stoppa ikkje folk i å ta seg ut og hylla kvarandre og naudetatane. I kortesjen var det både brannbilar, ambulansar og politibil. kortesjen starta på Tjeldstø nord i kommunen og enda opp på Skogestranda i sør.

- Vi ville gjerne spreia glede og honnør til alle for samhaldet i denne krisen. Det er viktig for oss at folk tek dette på alvor, seier initiativtakar til kortesjen, brannkonstabel i Øygarden brann og redning, Kenth Haukeland.

Klikk for stort bileteFrå venstre; Martha Nybakk, Max Andersen Nybakk, Adrian Andersen Nybakk, Alex Andersen Nybakk og Helge Andersen Vigleik Brekke  
Ved Landro skule møtte det opp minst to hundre personar. Dei stod saman familievis og sytte for at det var nødvendig avstand. Ein av familiane hadde teke ly av nordavinden i busskuret. Familien Andersen Nybakk tykte vel om initiativet. Barna Max, Adrian og Alex har hatt heimeundervisning frå Knappskog skule sidan 14. mars. Det er litt delte meiningar om å starta opp undervisninga igjen frå 27. april.

- Eg gler meg til å få undervisninga på skulen igjen, seier førsteklassingen Max. Dei to andre eldre brørne, Adrian og Alex, meiner heimeundervisning har vore bra og kan gjerne tenkja seg å halda fram med det ei stund til.

Klikk for stort bileteSlik såg det ut frå ein av brannbilane. Tom Georg Indrevik  
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 








Langs løypa var det altså mykje folk. Ordførar Tom Georg Indrevik sat på ein av brannbilane frå Kolltveit via Foldnes til Straume.

- Det var stort oppmøte langs vegen. Dette var kort og godt imponerande, seier Indrevik.

Kent Haukeland seier at det var fantastisk å sjå engasjementet langs vegen.

- Eg såg ikkje for meg at responsen ville verta så god. Vi planla dette for to dagar sidan, og etter at vi gjorde det kjent, tok det heilt av. Innbyggjarane kasta seg rundt, og det var stort oppmøte rundt langs heile løypa, seier Haukeland.

Det var inga utrykning i løpet av kortesjen, og dermed kunne åtte køyretøy vera med på heile runden.

Tekst: Vigleik Brekke
Bilete: Tom Georg Indrevik og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå kortesjen:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete