Open dag på Ågotnes brannstasjon

Laurdag 24. september var det open dag på Ågotnes brannstasjon.

Hovudtema for årets aksjon var ladevettreglane. I år kom det langt fleire besøkande enn det vi hadde forventa.

Vi hadde en kjempefin dag og håper at også alle besøkande hadde ein fin dag her på stasjonen. Stor takk til alle som besøkte oss denne dagen!

Publikum fekk delta i ei kunnskapsløype med spørsmål om brannvern, her trakk vi ut 3 vinnarar som alle får kvar sin premie. Elles fekk dei besøkande mellom anna mogelegheit til å studere brannbilen på nært hald, spyle med brannslange, sløkkje brann med sløkkeapparat og brannteppe.

EL-tilsynet hadde ein flott stand og informerte dei besøkande om ladevettreglar og andre brannfarar relatert til straum. Bjørnis var og på stasjonen og fekk helse på både store og små. Det var stor stas.

Det vart servert kaffi, saft, vaflar og pølse i brød/lompe.

Her finn du ladevettreglane

: