Alt av utstyr som skal vere med i kjøretøya er no montert inn i bilane, og dei er begge operative i respektive stasjonar.
I løpet av den siste månaden har Dalsneset og Skogsskiftet stasjonar fått kvar sin nye tankbil og kvar sin nye mannskapsbil. Kjøretøya våre skal sikre at me får utstyr og personell fram på ein sikker og god måte, og med disse 4 nye bilane skal grunnlaget for ein god framkomst vera tilstades!
Me er svært takksame for bilane, og vil over nyttår kome tilbake med meir informasjon om og bilder av bilane.
Tekst: Nils Anders Mæland, leiar beredskapsavdeling/varabrannsjef
Fotogalleri