Manglar lokal forskrift for å krevje inn feie og tilsynsgebyr

Vi opplever at mange tar kontakt med oss etter artiklar i Vestnytt om manglande heimel for å krevje inn feie og tilsynsgebyr.

Klikk for stort bileteIll.

Etter samanslåinga av kommunane Fjell, Sund og øygarden til Øygarden kommune manglar kommunen lokal forskrift, med heimel for å krevje inn feie og tilsynsgebyr, utan at arbeidet vert utført same året. Dette gjer at mange som har betalt avgift i 2020 vil få denne kreditert. Vi har allereie oversikt over kven som har fått utført feiing og tilsyn i 2020 og kven som har betalt. Det er difor ikkje naudsynt å kontakte oss om dette. 

Arbeidet med å utarbeide lokal forskrift er starta og vi håpar den er på plass før sommaren.