Informasjon om Koronaviruset (Covid-19)

På grunn av Coronasmitte (Covid-19) i Noreg, og særleg lokalt i Bergensregionen, innførte ØBR strengare reglar i veke 46-47. Dette vart gjort for å unngå at tilsette i brann- og redningstenesta skulle bidra til smittespreiing, eller sjølv verte smitta.

ØBR held fram med desse tiltaka inntil vidare.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Mostphotos

ØBR vil normalt ikkje gjennomføre bustadtilsyn, kurs eller opplæring. Vi vil framleis gjennomføre feiing der feiaren ikkje treng kome inn i bygget. Særskilt tilsyn vert berre gjennomført digitalt. 

Besøk på brannstasjonane berre etter avtale. 

For meir informasjon om Coronasmitte (Covid-19) sjå nettsida til Øygarden kommune