Årsgebyr feiing og tilsyn

Øygarden kommune sender no ut faktura med årsgebyr for feiing og tilsyn. Gebyret omfatter alle bygningar med fyringsanlegg (skorstein og eldstad). Frå 2019 gjeld det og fritidsbustader. 

Klikk for stort bilete

Gebyret skal dekke kommunen sine kostnader med å utføre feiing og tilsyn og er fastsatt av kommunestyret.

Tenesta utføres av Øygarden brann og redning. Spørsmål kring faktura vert å sende til e-post fyringsanlegg@oygarden.kommune.no

I løpet av oktober månad skal alle eigedomar ha fått faktura.