Tilskotsordningar - Kultur

Øygarden kommune har gode tilskotsordningar for lag og organisasjonar, i tillegg til lokale midlar abonnerer kulturkontoret på Tilskotsportalen som er ein søkbar katalog med nærare 3000 tilskotsordningar. Alle som bur i kommunen får gratis tilgong til denne, i portalen får ein tilgong på tilsaman 10 milliardar kroner.

Det er elektroniske søknadsskjema for dei fleiste tilskot.

 Søknadssenter

Etter søknad kan Utval for Levekår yte stønad til personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar  lokalt i kommunen.

Øygarden kommune gjev støtte til eksisterande og nye tiltak innanfor felta kultur, idrett og friluftsliv. Dei kommunale tilskotsordningane er eit verkemiddel for å auka innsatsen i det frivillige lagslivet, stimulera til eit mangfald i aktivitetstilboda og til å byggje opp under god folkehelse.

Spesielt prioritert er aktivitetar og tiltak for born og ungdom, innovative tiltak og tiltak som rettar seg mot grupper som ofte fell utanfor det organiserte lagslivet. Andre prioriteringar vil også kunna verta vektlagt utifrå det gjeldande kommunale handlingsprogrammet.

Spelemidlar
Fylkeskommunale midlar finner du informasjon om her
På denne type søknad må ein ta kontakt med Øygarden kommune i god tid.

Kven kan få tilskot?

Ein viktig premiss for å kunna motta tilskot frå Øygarden kommune, er at laget som søkjer er registrert i frivilligregisteret/einingsregisteret, og har eit organisasjonsnummer å visa til. Dette gjeld ikkje stipendordningane eller i dei tilfella der privatpersonar søkjer på kulturvernmidlar.

Kommunale tilskot til kultur-, idretts- og friluftsarbeid kan gjevast til frivillige lag og organisasjonar som har si verksemd i Øygarden kommune, og til tiltak der det er naturleg med samarbeid utanfor kommunegrensene.

Kommersielle tiltak, organisasjonar som har til oppgåve å ta seg av yrkes- og/eller økonomiske interesser til medlemene og politiske lag og organisasjonar, fell utanfor dei kommunale tilskotsordningane.

Kva søknaden skal innehalda?

Søkjar må gje dei opplysningane som det blir bede om. For dei fleste ordningane må det leggjast ved revidert rekneskap for det siste året, budsjett for søknadsåret og årsmelding. Sjå elles nærmare under kvar enkelt ordning, for kva som er påkravd av informasjon og vedlegg.

Søknadsprosedyre

Alle må søkja digitalt, og alle pliktar å gjera seg kjent med krava som må oppfyllast for at søknaden skal bli godkjent. Klikk på ordninga du skal søkja på, for meir informasjon og lenkje til sjølve søknadsskjemaet. Relevante vedlegg må lastast opp undervegs, og desse bør vera ferdigstilte og lett tilgjengelege før ein startar arbeidet inne i søknadsskjemaet.

Øygarden kommune godkjenner berre søknader på relevante søknadsskjema, med alle relevante vedlegg, sendt inn via vår heimeside før utgått frist. Det er ikkje mogleg å senda inn skjemaet etter utgått søknadsfrist, det vil seia klokka 24.00 den gjeldande datoen.

Misleghald

Tildelte midlar skal brukast i tråd med søknaden. For nokre av ordningane er det krav til rapportering. Ved feilinformasjon og misleghald av gjeldande retningsliner, eller misleghald på annan måte, kan høvet til å søkja tilskot falla bort i inntil tre år, og midlane bli kravd tilbakebetalt.

Klage på vedtak

Vedtaket kan klagast til kommunen. Klagefristen er tre veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Klagen skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Ein må grunngje kvifor ein klagar, oppgje vedtaket det vert klaga over og den eller dei endringar som er ønskt.

Tilskotsportalen

Øygarden kommune abonnerer også på Tilskotsportalen, alle som bur i Øygarden får gratis tilgong til denne. Viss du søkjer andre; fylket/privat næringsliv/stiftelsar (bruk tilskotsportalen) vil Øygarden kommune stille med tilsvarande sum. Maksbeløp kommunen kan stille med er kr. 40.000,- på kulturtiltak. Søknadene du har sendt må leggjast ved som kopi i søknaden til Øygarden kommune.

Tilskotsportalen

Generelle krav knytt til søknadar om tilskot/stønad:

Søkjar må bruka elektroniske skjema der det er eit krav.
Søkjar må overhalde søknadsfristane til dei einskilde ordningane.
Søkjar må ha organisasjonsnummer for å søkja om driftstilskot.

Vilkår for tilskot

Alle som mottek tilskot frå kulturkontoret må oppfylla følgjande vilkår:

  • Tildelte midlar skal nyttast i tråd med søknaden.
  • Lag og organisasjonar som mottek tilskot frå kulturkontoret pliktar å opplysa om dette i marknadsføring, trykksaker, årsmeldingar og eventuell annonsering.
  • Alle lag og organisasjonar som mottek tilskot frå kulturkontoret må godkjenne ledsagerbevis på sine arrangement.
Tilskot Søknadsfrist Retningsliner Skjema
Tilskotsordningar
Driftstilskot 8. mai Retningsliner driftstilskot (PDF, 41 kB) Skjema
Kulturminne 8. mai Retningsliner kulturminne (PDF, 32 kB) Ikkje skjema
Nærmiljømidlar 8. mai Retningsliner nærmiljømidlar (PDF, 89 kB) Skjema
Kulturtilskot 8. mai Retningsliner kulturtilskot og tiltak (PDF, 69 kB) Skjema
Utviklingsstipend 8. juni Retningsliner utviklingsstipend (PDF, 152 kB) Skjema
KVIKK-tilskot Ingen Retningsliner KVIKK-tilskot (PDF, 25 kB) Ikkje skjema
Ungdomsmidlar Ungdomsråd Ingen Retningsliner ungdomsmidlar (PDF, 30 kB) Skjema
Inkludering av vanskelegstilte Ingen Retningsliner vanskelegstilte (PDF, 26 kB) Skjema


Dersom same lag søkjer ulike driftstilskot/tilskot ved kulturkontoret vil ein sjå desse søknadene i samanheng.

Kulturkontoret har ein eigen database for registering og/eller endring av lagsopplysningar. Alle endringar skal meldast fortløpande til kulturkontoret på e-post, eller førast diekte inn på web-løysinga til kommunen.

Kulturkontoret oppmodar alle lag og organisasjonar om å nytte kulturkalenderen på heimesida til kommunen; legg inn arrangementet ditt sjølv, slik at vi har oversikt over kva som skjer. Biblioteket i Øygarden har også ein arrangementskalender, send gjerne ein e-post til biblioteket i tilegg slik at ditt lag er synleg i kommunen sitt informasjonsmateriell.

Kulturavdelinga Her finn du kontaktinformasjon til tilsette i kulturkontoret.
Kulturavdelinga
NamnStillingE-postTelefon
Christel Møvik-OlsenKulturleiarE-post56385415/ 986 37225
Liv Edel MikkelsenKulturkonsulent / Leiar Frivilligsentralen 50%E-post56385414/ 986 55190
Henrik AngermundLeiar Frivilligsentralen 50%E-post56385406/ 904 15 771
Publisert av Christel Møvik-Olsen. Ansvarleg Servicetorget. Sist endra 09.11.2017
Fann du det du leita etter?