Lokal MOT-leiar:
Åse Vik
Tlf: 56 38 20 00
E-post : asv@oygarden.kommune.no
Lokal MOT-manager:
Regine Oen Hatten
Tlf: 468 22 577
E-post: regine_hatten@hotmail.com
Lokal MOT-koordinator
Arne-Gunnar Solsvik
tlf: 971 81 277
E-post : ags@oygarden.kommune.no
Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001. I 2009 vart avtalen utvida til:
Lokalsamfunn med MOT (LmM). Politisk er det stort engasjement i MOT-arbeidet, og heile kommunestyret stilte seg bak når avtalen med MOT vart fornya i 2009. Kommunen har erfart at MOT sitt verdigrunnlag passar godt inn i kommunen sine tradisjonar, verdiar og kultur, både i Øygarden kommune som organisasjon, men også i lokalsamfunnet elles. Det er kanskje ein av grunnane til at samarbeidet mellom MOT og Øygarden har vore ein suksess.
Kva er MOT?
MOT vart starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997. Initiativtakarar var skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.
· MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom
· MOT sitt mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø
Grunntanken til MOT:
· Bevisstgjera ungdom til å ta val som gjer at dei meistrar livet
· Styrkja ungdomen sitt mot til å ta vare på seg sjølv og kvarandre
· Driva haldningsarbeid med fokus på verdiar, val og tru på eigne krefter
Grunnverdiane til MOT:
· Mot til å leva
· Mot til å bry seg
· Mot til å seia nei
Kva er LOKALSAMFUNN MED MOT?
Lokalsamfunn med MOT er ein heilskapleg modell for å nå best mogleg inn til ungdom med MOT sin filosofi og bodskap. Dette vert synleggjort slik:
· Toppleiarane i lokalsamfunnet og skulane har eigarskap til MOT og ser stor verdi i MOT sitt haldningsarbeid
· MOT er en raud tråd på ungdommen sine arenaer. Gjennom program i skulen, tiltak på fritidsarenaen, kommunikasjon i media og tilgjengeleg identitetssymbol, kan det å ta eigne val og få mot til å bry seg verta ein livstil for ungdom som ønskjer det
· Ein har etablert tamburinteam - lokale team med forskjellige roller frå forskjellige samfunnsgrupper, som skaper felles forståing og deler kunnskap og inspirasjon
Øygarden kommune har hatt, og har eit omfattande MOT-arbeid med faste aktivitetar og ”happeningar”. Faste aktivitetar er mellom anna MOT sitt skuleprogram, foreldrerettleiing og ulike aktivitetar før- og etter skuletid (musikk, sport, IT, leksehjelp osv.). Spesielle ”happeningar” kan vera turar, konsertar, skulefrukost, kick-off m.m. Slike arrangement vert oftast lagt til utsette dagar som 16. mai, 30. april/1. mai, 23. juni m.v. for å unngå rus og utsetja rusdebut.
Ein populær aktivitet er MOT-økta kvar onsdag morgon kl 07.00 – 08.30. Her møtest om lag 1/3 av alle elevane på ungdomsskulen til fysisk trening og påfølgjande frukost med nysmurte baguettar og juice. Entusiasmen er stor og resultatet er vakne og motiverte elevar.
Kommunen deler ut MOT-sekk til alle 8. klassingar kvar haust for å skapa felles identitet og eigarskap til MOT-verdiane. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å byggja positivt arbeidsmiljø og gode tenester.
Her er nokre bilete frå ei av MOT-øktene: