Velkomen til Øygarden

Natur bilete - sjø og svaberg - Klikk for stort bilete

Øygarden er ein kystkommune med omlag 4920 innbyggjarar. Kommunesenteret Rong ligg ca. 45 min. i køyretid frå Bergen. I Øygarden finn du ilandføringsanlegg for olje og gass, store næringsareal og attraktive tomtar for bygging.

 

Litt historie

Øygarden kommune vart etablert i 1964, der tidlegare Hjelme kommune og delar av tidlegare Herdla kommune utgjorde den nye kommunen. Fram til 2009 var Tjeldstø kommunesenter.
Kollsnes gassanlegg - Klikk for stort bilete

Folket livnærte seg av fiske og småbruk. På midten av 80-talet vart det ført i land olje til Øygarden. Seinare vart det ført i land gass og dette har delvis prega utviklinga i kommunen dei siste åra. Kommunen vart etterkvart landfast noko som førte til ny utvikling og folketalet har auka mykje dei siste åra. Det er attraktivt å bu i Øygarden. Kommunen er ein del av region vest som no utgjer kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
 

Svaberg rundt en poll - Klikk for stort bilete Natur

Det vakre landskapet er lavt med havet i vest og Hjeltefjorden i aust. Lyngheiane og bergknausane er vakre å sjå til, mot det blå havet i vest. Du kan og finna våtmyrer og fine skogsstiar. Når ein køyrer over Rongesundet bru vert utsynet over havet og naturen spektakulært. Det høgaste punktet i Øygarden er Blomenuten med sine 73 meter over havet.

Les meir om Øygarden

På desse sidene finn du informasjon om kva kommunen kan gjera for deg. Du finn og informasjon om turisme, kulturtilbodet og spesiell informasjon til deg som er ny i kommunen.
 

For næringsinteresserte

Øygarden, saman med dei andre kommunane i regionen satsar på næringsutvikling. Les meir om dette under tenesta næring.
 

Regionsamarbeid

Regionrådet Vest er eit rådgjevande og koordinerande organ for kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Regionrådet skal fremja forpliktande samarbeid mellom kommunane og vidareutvikling av regionen. Dei tre kommunane i vest har geografisk nærleik til kvarandre og representerer ein region med eit rikt mangfald, stor vekst og eit variert næringsliv med styrke og kompetanse på industri, energi og marin næring. Kommunane har ei rekkje felles oppgåver og utfordringar i tida som ligg framfor.

Kystmuseet i ØygardenKystmuseet sett frå sør - Klikk for stort bilete

Kystmuseet som ligg i Ovågen fortel kommunen sin historie, og tilbake før Øygarden vart etablert.


Lokalsamfunn med MOT

Lokalsamfunn med MOT er ein heilskapleg modell for å nå best mogleg inn til ungdom med MOT sin filosofi og bodskap. Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001.

Information in English:

On lefthand side you can "click" on "New in Norway". There you find information service for foreign workers - rights, duties, practical advice, tips and information about Norwegian society.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 29.11.2016
Fann du det du leita etter?