Sotrasambandet

Målet for det interkommunale og privateigde selskapet Sambandet Sotra/Øygarden-Bergen AS - heretter omtalt som "Sotrasambandet", er å få på plass eit nytt samband mellom Sotra og Bergen, og for gode tilførselsvegar nord og sør på Sotra/Øygarden. I tillegg legg Sotrasambandet særleg vekt på utbygging av kollektivsystem og gang/sykkelvegar.

Etter at Sotrabrua vart opna i 1972 har utviklinga i Sotra/Øygarden, både med omsyn til folketal og næringsutvikling, vore blant dei høgste i landet. Det er stor aktivitet i næringslivet, særleg innan handel, energi, marin og maritime næringar. Sotra/Øygarden og Bergen har vorte ein felles bustad- og arbeidsmarknad. Dette har ført til at regionen har vekse ut or den noverandre infrastrukturen. Store delar av vegnettet er uforsvarleg i forhold til trafikken, og Sotrabrua har for liten kapasitet. Ein har for lengst passert smertegrensa for det noverande vegsystemet. Korkar og saktegåande køar på og rundt Sotrabrua, har vorte ein del av kvardagen store deler av døgnet. Dette skaper ekstrakostnader for næringslivet og er til stor ulempe og irritasjon for folk flest.

Sotrasambandet si eige heimeside.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 30.01.2017
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)