Invest In Bergen

Invest In logo.png - Klikk for stort bilete Invest In Bergen er den offisielle organisasjonen for investeringar i Stor-Bergen.

Dei hjelper deg å finne forretningsmoglegheiter i regionen og støtter internasjonale og nasjonale selskap å busetja seg i Stor Bergen og i Hordaland. Tenestene deira er gratis.
 

Viss du ønskjer å etablere eit selskap i Stor Bergen vil dei hjelpe deg frå tidleg start til endeleg etablering.

Invest In Bergen har eit godt nettverk i regionen, og har tilgong til viktige bransjar og næringsklynger. Dei har kunnskap om industrielle og kommersielle område i fylket, og kan vere din guide til å finne riktig område for di verksemd.

Invest In Bergen er finansiert av Hordaland og omkringliggande kommunar:

Askøy, Austrheim, Bergen, Eidfjord, Fedje, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Ulvik, Vaksdal og Øygarden

Les meir på http://www.investinbergen.no/

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 06.03.2017
Fann du det du leita etter?