Bergensalliansen

Bergensalliansen er eit interkommunalt samarbeidsforum for dei 18 kommunane i storbyregionen Bergen og omland. Samarbeidet vart etablert 13. april 2011 til erstatning for det tidlegare regionrådet Bergensregionen, og vert vert leia av Bergens byrådsleder. Dette nye samarbeidet inkluderer i motsetning til det gamle også kommunane i Regionrådet Nordhordland (utanom Gulen).

Kommunane i Bergensalliansen eig også det interkommunale næringsutviklingsselskapet Business Region Bergen AS (BRB) som vart etablert i 2007, saman med Hordaland fylkeskommune og Stord kommune i Sunnhordland.

Medlemskommunar:
Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal og Øygarden.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.03.2016
Fann du det du leita etter?