Røyking

Det er mange grunnar til å velgja vekk røyken. Her får du nokre av helsegevinstane;

Snarvegar: Folkehelsekoordinator - Folkehelse

Stump røyken - Klikk for stort bilete Når du sluttar å røyke byrjar kroppen med ein gong å reparera skadane han er påført av sigaretten. Risikoen for alvorlege sjukdommar vert redusert ved røykjeslutt. Kor raskt forbetringane skjer er avhengig av kor mykje og kor lenge du har røykt, men det er alltid ein gevinst!  Frisklivsentralen i Øygarden har tilbod om røykjesluttkurs.

Dette skjer med kroppen din ved røykeslutt:

  • Etter 24 timar er karbonmonoksid og oksygen i blodet normalisert

  • Etter 48 timar er luktesans og smaksansen på veg til betring

  • Etter 72 timar aukar lungekapasiteten

  • Frå to veker til 3 månader vil blodforsyninga verta betre

  • Etter 1 til 9 månader startar vekst av nye flimmerhår i luftvegane, og fare for luftvegsinfeksjon vert mindre

  • Etter 3-9 mnd vert pusteevna betre og hoste avtar

  • Etter eitt år er fare for hjarteinfarkt halvert i høve dei som aldri har røykt

  • Etter 2-4 år er fare for hjarte- /karsjukdom betydeleg redusert

  • Etter 5 år:  Om du har moderat kols vil lungefunksjonen verta redusert i same tempo som ein som aldri har røykt

  • Etter ti år er riskoen for lungekreft halvert i høve dei som framleis røykjer og vil fortsetja å synka

  • Etter femten år er riskoen for hjarte - /kar sjukdom på same nivå som ein ikkjerøykjar

Folkehelsekoordinator Her finn du kontaktinformasjon til folkehelsekoordinatoren.
Folkehelsekoordinator
 E-postTelefonStad
Bente GuntveitE-post56 38 54 41 / 954 36 342Øygarden rådhus
Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 05.10.2015
Fann du det du leita etter?